Etablerarkontoret for kommunane i Vest-Telemark

Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal.

I Telemark har alle kommunane ei førstelinjeteneste som er gratis og som vil gje deg gode råd slik at du kan gå frå idé til ny verksemd. 
Kommunane har kvar sine lokale leverandørar, og i Vest-Telemark er det Telemark Næringshage AS som har denne tenesta frå Januar 2017.

Første kontakt og kartlegging:
TNH vil levere tenesta på tvers av den varierte kompetansen våre rådgjevarar har, men Thomas Berstad har overoppsyn for tenesta, og første kontakten med etablerarane.
Vi vil legge vekt på at den første kontakten, enten på telefon, epost eller drop-inn blir veldig imøtekommande, men at vi hentar inn mest mogleg informasjon fra etablaren, slik at vi kan hjelpe mest mogleg effektivt.

Ein del av den første kontakten blir nytta til å registrere/ kartelegge behov ved hjelp av denne lenka: (Det tek 5 – 10 minutt å fylle ut)
Lenke til Etablerarkartlegging

Denne er laga for at vi skal kunne hjelpe deg som etablerar mest effektivt.
Dersom nokon ikkje har tilgang på pc, så får du hjelp til å fylle ut.
Basert på denne kartlegginga vil vi fordele etablerarane mellom rådgjevarane våre, basert på erfaring og kompetanse.

 

Hjelpa
Etter at kartlegginga er gjort så avtalar vi saman med etableraren, vegen vidare for kontakten.
Her vil vi gjere kontakten så individuelt tilpassa som mogleg. Nokre vil foretrekke eitt møte, andre treng kanskje råd over telefon eller epost.
Denne delen av tenesta ser vi føre oss å levere innanfor to veker frå første kontakt, med mindre etableraren ønsker anna, eller har særskilte behov.

 

Tid til kvar?
I gjennomsnitt har vi ca 3 timer tjeneste per etablerar.
Men det er viktig å framheve at ved trong vil vi ha meir tid til dei som treng det.

 

Oppfølging:
Alle etablererar vil få oppfølging etter 3 månader. Her vil vi prøve å yte litt meir hjelp dersom nokon fortsatt står «heilt fast».

Etablererkontoret i Vest-Telemark
levert av Telemark Næringshage AS
Kviteseidvegen 18, 3850 Kviteseid
Telefon: 359 01 190
Epost: etablerar@telemarknh.no

Drop-in kontor i kvart kommunesenter
Vi har drop-inn kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annakvar veke:

  • Fyresdal: Onsdag 10:00 – 14:00 – partalsveker ved NÆRINGSHAGEN.
  • Nissedal: Onsdag 10:00 – 14:00 – partalsveker på KOMMUNEHUSET.
  • Seljord: Tirsdag – 10:00 – 14:00 – parttalsveker på TELEBYGGET.
  • Kviteseid: Tirsdag – 10:00 – 14:00 – oddetalsveker ved NÆRINGSHAGEN.
  • Vinje: Onsdag 10:00 – 14:00 – oddetalsveker på KOMMUNEHUSET.
  • Tokke: Onsdag 10:00 – 14:00 – oddetalsveker på KOMMUNEHUSET.

Vi er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale,
eller i Telemark Næringshage AS, (Kviteseid)kvar vekedag.

Vel møtt

13. til 17. november gjennomføres den 6. gründeruka i Telemark.

Gode gründerhistorier, foredrag, kompetanseheving og mye mer. Se detaljer npå www.grundeuka.no og meld dere på. 

Veien fra idé til marked starter med å la kundene avgjøre om ideen din er god. På samlingen vil du lære hvordan du kan gå frem for å teste og videreutvikle ideen din, og hvordan Innovasjon Norge kan hjelpe deg på veien. 

Grunnleggende kurs i skatt, mva og regnskap

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.